page view image

Absolute ABBA på Quality Hotel Sogndal 03.oktober

Quality Hotel Sogndal inviterer til festkveld i Fjordsalen med to rettars middag og show! Absolute ABBA er eit fyrverkeri av ei hyllest til ABBA sin fantastiske og tidlause musikk.

Informasjon
event image

Quality Hotel Sogndal inviterer til festkveld i Fjordsalen med to rettars middag og show!

Gjer deg klar for ei uforgløymeleg ABBA-oppleving med Absolute ABBA! Dette storslåtte tributebandet leverer all energien og den ikoniske lyden frå originalen, og skaper ei magisk stemning for kvar ein ABBA-fan. La deg rive med av dei ikoniske låtane og den smittande spelegleda!

Absolute ABBA er eit etablert tribute-band med base i Trondheim. Sidan 1999 har dei turnert land og strand rundt, og vert av mange rekna som det beste ABBA-tributebandet i Norge! Iført herlege, tidsriktige kostymer tek bandet deg med på ei visuell reise tilbake til ABBA si storheitstid. Medan du nyt ein smakfull middag, kan du glede deg til å høyre alle ABBA sine største hits.

Med eit superlag av musikarar og vokalistar serverer dette ensemblet ABBA-magien som ingen andre! I front finn vi dei fantastiske vokalistane Ranveig Seljemark og Lena Haarberg, som saman fangar essensen av ABBA sitt unike lydbilete. Bak dei står eit solid band med Thomas Henriksen på tangenter, Kjetil Sandnes på bass, Dag Erland Kittilsen bak trommene og Jarl Ivar Andresen på gitar og vokal. Saman skapar dei ein kveld du seint vil gløyme.

19:30 Aperitif og mingling i Fjordsalen
20:00 Middag og show


Ynskjer de å sitje samla med venner eller kollegaer?
Send oss ein e-post til booking.sogndal@strawberry.no og fortel oss kor mange de er, så reserverer vi plassar til dykk. Elles er det fri seating og garantert elektrisk stemning på tvers av borda, så her lovar vi nye bekjentskap og god stemning!


Har du matallergiar eller spesielle behov knytt til kosthaldet?
Send oss ein e-post til booking.sogndal@strawberry.no innan 24. september, slik at vi kan tilpasse menyen og sørge for ei god matoppleving for deg.


Velkommen!

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter vert ikkje refundert